Viktig oppklaring av feil i Nordre

Onsdag 9. september var det debatt på ID-huset i Brattvåg, i regi av Nordre. Vi i Miljøpartiet Dei Grøne Haram var naturleg nok litt spente på kva omtale vi ville få denne gongen.

13. september 2015

Vi opna fredagsavisa, og byrja å lese artikkelen om debatten. Det første vi fann som handla om oss, var ein feilaktig påstand om at vår kandidat Linn Beate Harjo hadde sagt vi ikkje hadde tatt stilling til spørsmålet om eigedomsskatt.

Alle som var til stades i salen kunne høyre at ho sa at den einaste grunnen for at vi kunne kome til å støtte eigedomsskatt, var for å kunne oppretthalde velferda. I tillegg lufta ho at vi kanskje heller måtte sjå på muligheitene for innsparingar, gjennom til dømes energisparingstiltak som kan spare kommunen for millionar. Ikkje noko av dette vart nemnd i artikkelen. I staden for å skrive dette, dikta journalisten opp at vi ikkje hadde tatt stilling til det. Bygdebladet refererte oss derimot korrekt.

Seinare i artikkelen kjem journalisten med ein påstand om at vi ville stoppa utbygginga av Nordøyvegen om vi hadde makt til det, etterfølgt av ei subjektiv skildring av at vår kandidat Linn Beate Harjo «gav eit noko usikkert svar» på spørsmålet ho fekk. Dette stemmer heller ikkje.

Det ho svara på var eit litt flåsete formulert spørsmål om kva ho ville gjort med Nordøyvegen om ho var diktator i kommunen. Ho svara at dette var ei sak som allereie var avgjort og satt ut i livet, og at det derfor ikkje hadde så mykje å seie kva vi eventuelt måtte meine om det. Ho informerte om at den nasjonale ståstaden er at store vegutbyggingar er lite framtidsretta og vil føre til auka privatbilisme, og at vi heller vil satse på betre kollektivtilbod, som til dømes elferjer. Vi er likevel frie til å avgjere lokalt om vi vil støtte kvar enkelt vegutbygging. Ho sa vidare at dei på øyane er godt vant med kollektivbruk, og derfor må det vere gode kollektivtilbod på plass frå dag ein, samt ha eige gang- og sykkelfelt. Journalisten fann ikkje plass til å gjengi noko som helst av svaret hennar. Berre ei tendensiøs vurdering av måten ho svarte på, og ein misforstått konklusjon om at vi var i mot alle store vegprosjekt.

Det journalisten derimot fann plass til, var å regelrett dikte opp meiningar for partiet vårt. Rett etterpå påstår ho nemlig at Hamnsundsambandet ikkje vil få eit ja frå vårt parti om vi kjem inn i kommunestyret. Dette vart ikkje sagt av vår kandidat under debatten, og ei uttale som dette frå oss eksisterer heller ikkje nokon annan stad enn eventuelt i fantasien til journalisten.

Den einaste offentlege uttala vi har kome med om Hamnsundsambandet var i Nordre, 14. april i år. Då var vi positive til utbygginga! Vår lokallagsleiar Silje Mathisen hadde eit innlegg om at Nordøyvegen og Hamnsundsambandet sett under eitt såg ut til å kunne gi ein miljøgevinst i sum. Les ikkje journalistane i Nordre si eiga avis?

Om eit miljørekneskap er gunstig, kan Miljøpartiet Dei Grøne vere med å støtte opp under denne utbygginga. Lokallaget i Haram og fylkeslaget i Møre og Romsdal har ikkje tatt endeleg stilling til denne saka grunna at det ikkje ligg føre eit slikt rekneskap.

Vi synes det er ureieleg og uprofesjonelt å finne opp uttaler og meiningar, heller enn å halde seg til det som faktisk vert sagt. Ut over det eg har omtala no, vart ikkje Miljøpartiet Dei Grøne nemnd nokre andre stadar i artikkelen om debatten, og kandidaten vår vart heller ikkje sitert. Det er heilt greitt at vi som er eit lite parti ikkje får like mykje spalteplass som dei større partia, men vi vil at det som står i det minste skal vere sant. Det som gjer det heile enda merkeligare er at same journalist har intervjua kandidaten vår om nettopp disse sakene for berre nokre veker sidan. Ein skulle tru at ho derfor var vel informert om standpunkta våre.

Det er spesielt urovekkande at avisa feilinformerer veljarane i saker som kan vere avgjerande for kva parti dei stemmer på, rett før valet, utan at vi rekk å rette det opp att. Folk må kunne kjenne seg trygge på at lokalavisa opptrer nøytralt og reieleg. Det bekymrar meg at det skal vere naudsynt å påpeike dette.