Fotocredit:

Pynting av busskur

Vi brukte like godt ei seinsommernatt på å pynte og møblere busskur i fire av bygdene i kommunen.

4. september 2015

Vi ville sette fokus på kollektivtilbodet i Haram kommune, som vi meiner kan bli betre. Samtidig ville vi gjere det litt ekstra koseleg for dei som reiser kollektivt.

Vi vil at det skal vere både enkelt og trivelig å reise kollektivt, slik at fleire vil reise på denne måten. Vi er også opptatt av at det skal vere gode kollektivmuligheiter på plass når det kjem nye vegsamband, slik som til dømes Nordøyvegen.

Tanken var å halde stilt om kven som sto bak påfunnet nokre dagar, men det gikk kort tid før publikum ytra seg om mistanke til Miljøpartiet Dei Grøne. Saka vart plukka opp av Vegvesenet si Facebookside, Sunnmørsposten, Dagbladet og lokalvisa Nordre.

Les om saka i Sunnmørsposten

Les om saka i Dagbladet

Følg Haram MDG på Facebook

- Vi vil at det skal vere både enkelt og triveleg å reise kollektivt, slik at fleire vil reise på denne måten.

Busskuret ved Brattvåg kirke.
Hamnsund.
Hamnsund.
Skjelten ferjekai.
Skjelten ferjekai.
Skjelten ferjekai
Busskuret på Tennfjordneset.
Busskuret på Tennfjordneset.