Vi arrangerar marknadsdag på Vatne

Søndag 23.august kl.11 er dagen, og staden er ved Sukk Kreative Kafe, som til anledninga skal ha åpent. Som alltid disker nok kafévertinna opp med mykje godt å drikke og bite i, for dei som ynskjer det.

20. august 2015

Vi vil gjerne invitere deg til ein koselig marknadsdag på Vatne.Inspirert av marknadssøndagar i urbane strøk i Noreg, tenkte nokre heimflytta grøne sjeler at dette kunne vore gøy å få til på heimstaden her i Haram også.Fleire lokale krefter har blitt invitert til å delta, vise fram og selje det dei lagar av kunst og handtverk. Meir info kjem.
Lagar du noko spennande som du vil vise fram og selje?Dessutan kan DU setje opp eit bord og selje dine brukte gjenstandar om du ynskjer.
Vi har nok alle litt for mange eigedelar.
Noko samlar støv på boda og noko har vi to av.
I staden for å kaste, kan du gje muligheta for ein annan å ta nytte av dei tinga du ikkje lenger har bruk for.
Bøker, møbler, leiker, borneklede, verktøy, vesker m.m.

Gjenbruk er kult!

Hugs: Ditt skrot, kan være ein annan sin skatt.

Er du glad i loppis, har rydda på boda i sommer eller har lyst å være sosial på ein søndag, er dette staden å være.

Spre gjerne ordet og inviter venner, slik flest mulig får muligheita til å ta turen innom.

Velkomen!

Grøn helsing frå Miljøpartiet Dei Grøne Haram !

Ta kontakt om du vil være med!
Linnharjo@yahoo.no, 92226272