Haram MDG feirar 1år!

Fotocredit: Linn Beate Harjo

 

26. april 2016

Miljøpartiet Dei Grøne Haram blei stifta 30. mars 2015, og no feirar vi 1-års dag! Gjennom året har vi hatt mange ulike aktivitetar. I april, rett etter vi stifta lokallaget, deltok vi på Vårmarknad i Brattvåg der vi konkurrerte mot dei andre partia i ulike greiner, og i mai arrangerte vi ryddedugnad av ei stor mengde avfall i naturen ved klatrefeltet på Remme, i samarbeid med Haram Klivrarlag.

I valkampen på seinsommaren pynta vi fire busskur rundt om i Haram, arrangerte marknadsdag på Vatne, deltok i to debattar og stod på stand ulike stader i valkampinnspurten.

Sist, men ikkje minst fekk vi vår fyrstekandidat, Linn Beate Harjo, inn i kommunestyret. Miljøpartiet dei Grøne Haram gjorde eit godt val i september og enda opp med eit valresultat på 2,9%. Det er vi svært nøgde med etter berre seks månadar som lokallag.

Etter endeleg valresultat valde vi å gå inn i eit samarbeid med fleirtalskoalisjonen, saman med Senterpartiet, Arbeiderpartiet og Kristelig Folkeparti. Med ein plass i kommunestyret og verv i forskjellige utval og nemder har vi fått representert MDG sine meiningar på ein god måte. No arbeidar vi for å nå dei måla vi satt oss då vi starta opp, og høgast på lista er å gjere Haram kommune til ein meir miljøvenleg kommune. Vi har allereie fått Haram Kommune til å for første gong delta på den globale klimadugnaden Earth Hour og fått gjennomslag for to budsjettforslag.

Vi er ny og vi ynskjer å bli fleire. Dersom du som oss ynskjer å vere med å gjere Haram til ein grønare kommune, ta deg ein tur på vårt gruppemøte måndag 4. april kl. 18.00. Møtet blir halde i Intentus si kantine i Søvik. Alle er velkommen.

På biletet:
MDG Haram består i dag av 10 medlemmar. Desse er frå venstre: Rune Breivik Holmelid, Iris Relling Nilsen, Silje Mathisen, Kristian Johnsen, Linn Beate Harjo, Jon Magnus Aarnes og Kristian Magerøy. (Léa Agati, Amund Terøy, Joakim Skaar var ikkje tilstades då biletet vart teke).

 

Vi fekk oppslag i Bygdebladet si utgåve 2.april 2016.

1aar_bb_mdg