Haram kommune deltek i Earth Hour

 For første gong deltek Haram kommune i Earth Hour!

hk_earthhour_mdg

Over 200 norske kommunar har tatt del i Earth Hour tidlegare år, og vi i Miljøpartiet Dei Grøne i Haram synes det var på høg tid at Haram Kommune også tok del i dette flotte arrangementet. Derfor sendte vi inn fleire forslag til ordføraren, som tok saka opp i formannskapet og no resulterar i at det for første gong blir aktivitet frå kommunen i denne anledninga. Vi ønsker også enda ei opptrapping av innsatsen til neste års markering.

Laurdag 19.mars kl.20.30 tek Earth Hour 2016 stad og alle med tilgang til ein lysbrytar har sjansen til å bidra.

earthhour_mdg

Earth Hour handlar om mykje meir enn ein time i mørket. Det handlar om at handlingane våre, energien vi bruker, varene vi kjøper og vatnet vi drikk gjev ringverknadar på planeten vi lev på. Vi står ovanfor fleire utfordringar, og i forbindelse med Earth Hour blir vi alle påminna og oppfordra til å tenke over utfordringane.

Bli med du også- det skjer nemlig noko med oss, når vi gjer noko meningsfullt saman med ein milliard andre menneske.

http://blogsno.panda.org/earthhour2016/