Folkemøter om kommunereforma

26. april 2016

Før rådgjevande folkerøysting 19. mai 2016 inviterer Haram kommune til folkemøter.

Tysdag 26.04 kl.18.00- 20.00: BRATTVÅG, ID-huset.
Onsdag 27.04 kl.18:00 – 20:00: VATNE, Eidet kulturhall.
Måndag 02.05 kl.18:00 – 20:00: HARAMSØY, Samfunnshuset.
Måndag 09.05 kl.18:00 – 20:00: SØVIK, Søvik skule.

Program:

– Informasjon om intensjonsavtalane
– Informasjon om alternativa kommunestyret vil høyre folket om
– Politikarane vil svare på spørsmål frå publikum
– Diskusjon

Alternativa i folkerøystinga:

– Haram held fram som eigen kommune

– Haram slår seg saman med Sandøy under føresetnad av at Nordøyvegen vert bygd

– Haram slår seg saman med inntil 9 andre kommunar (Giske, Hareid, Sandøy, Skodje, Stordal, Sula, Sykkylven, Ørskog, Ålesund) i Regionkommune Ålesund

Les informasjonsbrosjyra om kommunereforma i lenka under:
https://www.yumpu.com/no/embed/view/5z0VlvM2bAYIqwio