Silje Mathisen

Lokallagsleder

Eg er er 29 år og vaks opp på Grytastranda. I 8 år budde eg utanfor kommuna, men flytta tilbake for 4 år sidan, og bur nok ein gang på Grytastranda saman med min son. Eg har studert Innovasjonsledelse- og Entreprenørskap ved Høyskolen i Ålesund, er deleigar i bedrifta Innomarin AS, og arbeider no som Salgsleiar for stillingsmarkedet i Sunnmørsposten.

Då eg flytta tilbake til heimkommuna mi var det med eit litt anna syn enn i mine ungdomsdagar. Eg ser ei kommune med store behov for utbetring av kollektiv transport, betre sykkel- og gangvegar, og som treng å styrke blant anna symjetilbodet i grunnskulen. Eg ser ei kommune som treng auka tilbod for born og unge i form av eit mangfald av aktivitetar. Alt dette er også saker vi i Miljøpartiet dei Grøne Haram vil kjempe for.

Aller mest ser eg ei kommune med utruleg vakker natur og omgjevelsar, som vi alle må ta vare på.
Eg meinar at eit parti som har miljø, mangfald, naturen, dyra og matfatet i fokus bør ta del i eit kommunestyre, derfor stiller eg som grøn kandidat i år!