Linn Beate Harjo

Kommunestyrerepresentant

Eg er 32 år, oppvaksen på Vatne og i Tennfjord. Etter nokre langturar ute i verda og studier her og der, bur eg no i Brattvåg saman med sambuar og katt.

Lokalpolitisk er eg grøn – i dobbel forstand, men eg vil inn i kommunestyret fordi eg meiner det er viktig at dei yngre også blir høyrd i lokalpolitikken. Vi er det partiet i kommuna med lavast gjennomsnittsalder på kandidatane, men for oss yngre er det viktig at vi startar det grøne skiftet så raskt som mogleg. Vi ynskjer ein meir «sirkulær økonomi» med gjenbruk, energieffektivisering og betre materialutnyttelse. Vi må rett og slett setje berekraft foran kortsiktig gevinst. Dessutan må kommuna leggje til rette for grøn vekst og næringar, samt gjere det enklare for innbyggjerane å ta grøne val i kvardagen.

Sidan eg var lita har eg vore oppteken av miljø-, natur- og dyrevern, og etter at eg blei kjend med Dei Grøne sin politikk for solidaritet, både internasjonalt, med naturen og dyr, er eg ikkje i tvil om å ha valt rett parti. Vi har berre ein klode. Derfor kan vi ikkje fortsette med dagens kamp om ressursane, der krig og flyktningestraumar, overforbruk, klimaendringer, tap av matjord og reint vatn ødeleggjer for generasjonane etter oss. Det grøne skiftet startar lokalt, men har konsekvensar globalt.

No stiller eg som førstekandidat for Dei Grøne og ynskjer eit samarbeid med dei andre partia, næringslivet og frivillige for å gjere Haram til ein føregangskommune innan miljø, og omstille til ei meir grøn og fornybar framtid.