Lea Bryne Agati

2. vara

Eg er 28 år, har ein son på snart 1 år, sambuar og katt. Eg har studert kulturhistorie, arkivfag og musikk. Eg er no tilsett som arkivfagleg leiar i Helse Møre og Romsdal. Eg er fødd i Ålesund, og har vært busett både der, i Bergen, litt i Roma og no seinast i Oslo før vi valde å byggje oss hus her i Eidsvika.

Eg er opptatt av miljø og veit at eg, i lag med mange andre, alltid kan gjere meir for miljøet. Men ein plass må vi starte. Eg er sterkt i mot pelsdyrnæringa og all dyretesting og dyremishandling. Eg fekk auga opp for Dei Grøne ei stund før førre Stortingsval og det har vore fantastisk å følgje utviklinga for partiet! Eg er òg oppteken av at vi som parti ikkje skal drive «miljø-shaming», men legge til rette for ein politikk, og ein tankegang, som gjer det lett å vere miljøvennleg.