Joakim Skaar

1. vara

Eg er 19 år gammal og bor i Brattvåg. Går siste året teknisk almennfag ved Haram vidaregåande skule og er lærling i Rolls Royce Brattvåg.
Eg er opptatt av at kollektivtransport må byggast meir ut, særleg for utkantane av kommuna. Det må vere kollektivt tilbud til nordøyane fra dag ein når nordøyvegen blir ferdig. Eg er og opptatt av at ungdom har ein stad å møtes, og vil kjempe for at Ungdomsfritidsordninga (ufo) eller ein liknande ungdomsklubb blir starta opp.

Ungdom i Haram burde stemme MDG fordi det er eit parti som tek framtida på alvor. Eit parti som vil ta dei naudsynte vala for å bevare jordkloden- ikkje naudsynt dei populære vala for å bli gjenvalgt. For oss unge er det viktig at vi starter det grøne skiftet så raskt som mogleg. Vi må prioritere berekraft foran kortsiktig økonomisk gevinst og setje livskvalitet foran økonomisk vekst.
Dersom eg blir valt inn i kommunestyret kan dykk vere sikre på at ungdommen i kommuna vil bli høyrd.